lørdag 20. november 2010

Dagens makeover!

Når eg har eit prosjekt i tankane, MÅ eg berre sette i gong med det same. Stolen kom i hus i går, og eg hadde egentleg tenkt å vente til neste veke før eg trekte den om. Men slik vart det ikkje! Etter ein time i sofaen brann det i fingrane og eg køyrde på Moa for å kjøpe stoff. Føtene og armlena måla eg inn i mellom pausene på X-factor, og så var det fram med stiftemaskina under Senkveld. Det vart LITT seint før eg vart ferdig....men pytt!





<- FØR ETTER->

















Eg valgte eit grått stoff med svart mønster. Eine veggen på stova mi har svart tapet med grå mønster, og stoffet passa perfekt i lag med den.

Armlena var opprinneleg dekt med brunt skinn. Det var litt tøft, så eg valgte å behalde dette. Det slitne treverket vart måla svart. Einaste som gjenstår er å lime på eit band over skøytane. Men det MÅ faktisk vente til neste veke!














Eg fann også ein plass til glaskula eg kjøpte på Gjenbruk i går. 10 kr fattigare, ein skatt rikare! Den gamle lyskuppelen står i si prakt på skjenken min. Eg hadde egentleg tenkt å bruke den som telyshaldar, men den fekk slikt eit nydeleg skin frå lyset frå lampen at den får stå som den er! Bildet viser ikkje kor fin den verkeleg er, da men...


fredag 19. november 2010

Eg fann! Eg fann!

I dag tok eg meg ein tur på Gjenbruk etter jobb. Eg kom ikkje tomhendt heim denne gongen heller!


Litt tjafs eg fekk plass til i veska ;) Gler meg til å finne på noko lurt med alle desse tinga! Har ikkje bestemt meg for kva eg skal gjere med dei enno, men det blir!

Og så, denne stolen. LEKKER! 80 kr kosta den! KUPP! Den skal sjølvsagt målast og trekkast om. No er det berre å leite etter passande stoff. GLER MEG!

torsdag 18. november 2010

Prosjekt vinterstove

Slik vart vinterstova sjåandes ut etter ein liten innsats!
Tidlegare stod der ei spisestue, som no er flytta til andre enden av vinterstova.
Bokhylla og kommoden var mine aller første møbelkjøp. Eg kjøpte dei vel for konfirmasjonspengane mine om eg ikkje hugsar feil! Dei var opprinnelig trekvite. Eg valgte å måle dei svarte for å få litt kontrast mot den lyse veggen.

Til venstre: Dei gamle treknottane på kommoden vart bytta ut med glasknottar. Friska opp den svarte kommoden veldig!


Til høgre: Denne søte sukkerkrukka bruker eg som pynt på kommoden. Den kjøpte eg på Gjenbruk for et par veker sidan. Kjempe søt!



I bokhylla har eg fire stråkorger frå Jysk. I dei får eg lagra stoffrester, pledd og litt anna pjask. Att med planta ligger ein bunke "Alt om handarbeide"-blad. Dei fekk eg av mormor, og dei gamlaste blada er datert heilt tilbake til 80-talet. Mykje artige oppskrifter i dei skal eg fortelje!


Bordet kjøpte eg på Fretex for vel eit år sidan. Eg måla det også svart for å matche bokhylla og kommoden. På bordet bruker eg ein tallerken og eit tefat som "lysestakar". Eg fann det eine fatet på Gjenbruk og det andre på Fretex, og dei er av same sort! Flaks kallar eg det! ;)


På bordplata under bordet har eg lagt nokre gamle bøker, og pynta opp med ei søt lita skål frå Gjenbruk og eit grønt trefat frå Indiska.


onsdag 17. november 2010

WinterWonderland!

Gler meg til vinter og snø eg no!


Tenk om vi får slike skiforhold på Goaldet denne vinteren òg!



Eller ei like flott utsikt frå Vardane på Sulafjellet!



Då skal iallefall eg ut på tur!! :)))

tirsdag 16. november 2010

Skrot? Finst ikkje!

Eg liker veldig godt å pusse opp gamle møbler. Ein finn mykje artig skrot på bruktbutikken.
Med litt måling og fantasi, kan skrot fort bli til flotte ting.



Eg har ikkje noko skikkeleg"før-bilde", berre eit "midt i-bilde".
Krakken var full i målingsflekker,
og hadde opprinneleg ein trist brunfarge.
Eg brukte ein svartfarge med litt glans i for at den skulle
"skinne som ein gammal skatt skal skinne"!



Den brune krakken har no blitt svart og lekker!
På lokket har eg brukt ein løpar som eg kjøpte på salg på Herlighet til 30 kr. Krakken blir i dag brukt som eit søtt lite hjørnebord :)

mandag 15. november 2010

EGENPRODUSERT (!!) hylle

Denne hylla er eg litt (veldig) stolt av. Eg har nemleg laga den HEILT sjølv! Denne laga eg på sløyden då eg gjekk på ungdomsskulen. Eg fann den igjen for nokre veker sidan då eg var heime på Lepsøya. Etter nokre strøk måling var den trekvite fargen borte, og den passa perfekt inn på kjøkkenet mitt. Berre for å skryte enda litt meir av mi EGENproduserte hylle; eg har ikkje brukt ein einaste spiker for å få den i saman! Tenk alt eg har kunna ein gong! ;)

Og når hylla kom på veggen fann eg endeleg ein plass til desse to bilda! Eg kjøpte dei for mange år sidan på Kremmerhuset, og dei fell framleis i smak. Men eg har liksom ikkje funne veggen dei har passa inn på før no...nøgd!

lørdag 13. november 2010

Gammalt, men tøft!

Gode, gamle skatter gjer meg glad!
Når eg kjem heim frå bruktbutikken med noko nytt i veska, ja då er smilet på plass resten av dagen.
Her er nokre av mine favoritter:

Denne nostalgiske vekta har eg blitt veldig glad i. Eg bruker den som krydderhylle.

Denne brødboksa er så stygg at den blir RÅTØFF! Det er ihvertfall mi meining :)

Til venstre: Inne i denne gamle ramma har eg brukt eit svart ark som bakgrunn, og eit bilde som pappa har tatt for leeeenge sidan. Bildet er av to motorsyklar og ein bil som står parkert på St. Olavsplass. Det var rett og slett kjempe tøft!

Til høgre: Dette er også eit av mine favorittbilder. Ramma er frå Gjenbruk, og bildet har eg faktisk tatt frå ein H&M-katalog.






Desse serveringsfata har eg vore så heldig å få av mi kjære mormor. Mormor og morfar fekk dei i bryllupsgåve då dei gifta seg. Dei er kjempelekre!

Og så til slutt; denne fantastiske veska! Eg blir sååå glaaaad når eg går meg på slike funn! Stor, fin og god som ny!:)))

Ny i bloggverda!

Så vart eg frista til å lage meg ein blogg eg òg....
Det er i allefall kjekt å lese andre sine bloggar! Så da tenkte eg at det hadde kanskje vore kjekt å ha min egen blogg også. Om den blir brukt, ja det får tida vise!