fredag 24. desember 2010

Goooood juuuul!!!

Julaftan er endeleg her!
Eg ELSKAR julaftan!
Jula skal tilbringast heime på Lepsøya.
Det blir mykje kos og moro i lag med familien i dagane framover! :)

Etter den heilage julefrokosten (naammmm), tok eg og pappa oss ein skitur til Storhaugen i nydeleg vintervêr. Det er så kjekt med kvit jul!
Det er jaggu ikkje ofte vi er så heldige på denne kanten av landet....
Ein nydeleg tur og ein fin start på julaftan!:)

God jul alle saman! :)

tirsdag 21. desember 2010

Ny hylle! Og litt til....

Eg har hatt denne hylla liggande ei stund,
med ein plan om å henge den under spegelen som henger over sofaen.
MEN den har vore feil farge...
No har eg endeleg makka meg til å måle den svart!
OG hengt den opp!
No gjenstår det berre å finne bilder til å ha i rammene.....

Ein sommerfugel frå Indiska (eg har vore ivrig på Indiska i det siste...) henger på ei av rammene. Den er i same mønster som julekulene eg kjøpte der for eit par veker sidan.

Denne søte elefanten er ei "julekule" frå Indiska....litt for alternativt for eit juletre etter min smak, men på badedøra passa den fint!
Eg har visst dilla på elefantar for tida...

Sjå den tøffe elefanten! Kr 99 på Indiska. Fiiiiin! :)

Eg har vore å handla julegåver i dag òg! Hihihihi!
Desse Mizuno løpeskoa var på halv pris, og då kunne eg berre ikkje la dei stå igjen i butikken!
Mitt gamle par er utslitt altså.... ;)

mandag 20. desember 2010

Litt meir julestæsj!

Sviblene som står i gangen er i ferd med å slå ut i full blomst!
Dei er så koselege! Dei gir meg skikkeleg julestemning:)
Den gule svibelen står i ei raud juleskål frå Jysk,
medan den lyseblå svibelen har fått plass ein vase frå Indiska.
Eg er forresten VELDIG glad for at Indiska endeleg har komt til Ålesund! Dei har så mykje artig!


Svibelen som står på kjøkkenbenken lar vente på seg.....

Sjå tøffe julekulene! Eg liker veldig godt den tradisjonelle julepynten, men det er artig med litt utradisjonelt òg. Desse etniske julekulene kjøpte eg på Indiska. Fargerike og lekre!


Og så til slutt: det er dyyyyyrt å handle julegåver!!
Reknar med det er fleire som har dette problemet:

På laurdag var eg å kjøpte 3 julegåver til kjente og kjære...

Og 7 til meg sjølv.....:P
Men berre ei (og ei halv) julegåve som må handlast inn igjen no!
GLER MEG TIL JUL! :)

onsdag 8. desember 2010

Årets første sort i boks!


Då har eg fått baka årets første julekaker!
Maryland Cookies er ein favoritt, og er ein av dei 7 sortane kvart år.
Bortsett frå at det berre blir 3-4 sortar........;)
(Det skal etast også!)
Neste veke får eg besøk av nokre venninner for å spele julebingo,
ein fast tradisjon som vi starta med i fjor. Kjempe artig!
Så då må eg ha julekakene klar :)

Oppskrift Maryland Cookies:

(ca 20 stk)

75 g margarin

1,5 dl sukker

1 egg

2 dl kveitemjøl

1 ts vaniljesukker

1/2 ts salt

1 plate kokesjokolade (eg bruker litt mindre..)

100 g mandler

Rør smør og sukker luftig og lett, tilsett egget. Hakk mandlane og sjokoladen og ha i røra. Bland i resten av ingrediensane. Ha kakene på steikebrettet med ei spiseskei. Steik midt i omnen på 200 grader i ca 10 min. ENJOY!!

mandag 6. desember 2010

Puter!

Som dykk nok har oppdaga er eg veldig glad i den "gamle" stilen. Eg liker å mikse litt mellom gammalt og nytt, og blander gjerne møbler frå ulike tidsepoker.
Eg har lenge sikla på nokre puter på Hennes og Mauritz, og til slutt MÅTTE eg berre kjøpe dei...

Eg var litt usikker på fargane fordi eg visste dei ikkje ville passe i sofaen. Men putene var så lekre at eg fann ut at då må eg berre finne ein plass til dei! Det var vanskeleg å få med dei "riktige" fargane på bilde pga det glinsande stoffet i viskosefløyel, menmen..

Ei av dei lilla putene har fått plass i stolen eg trekte om for nokre veker sidan, meden dei to andre pynter opp golvet att med stolen. Stolen og putene passer veldig godt i lag! Nøgd!

søndag 5. desember 2010

Ei ny veke forbi...

Av og til går dagane så fort at eg lurer på kvar veka har blitt av!
Denne veka har vore slik for min del.....
Alt for månge timar har vore tilbragt på jobb, og kveldane har blitt brukt til nedvask, måling av tak og litt sosiale aktivitetar.
I dag har eg gjort INGENTING! Og det har vore ufatteleg deileg! :)
Tenkte eg skulle vise før og etter bilde av skjenken min:













Treverket på skjenken var slitt, og det trengte seg eit strøk måling. Den vart då svart for å matche veggen den står inntil. Hadde eg fått pussa opp stova på nytt hadde eg valgt ein anna tapet på denne veggen! Irriterande lite fargar som passer til tapeten! Men enn så lenge får den vere som den er...Eg er iallefall godt fornøgd med skjenken!


Eg ELSKAR utskjeringane som er på dørene på skjenken! FIIIIIIN!

No skal eg tenne lys, slenge beina på sofaen, pakke meg under eit pledd og sjå film. Ein fin søndag!


Tjukkeraggane har aller beste mormor strikka. Er ikkje dei fine vel??

Koseleg med tente lys og julestemning :)