søndag 5. desember 2010

Ei ny veke forbi...

Av og til går dagane så fort at eg lurer på kvar veka har blitt av!
Denne veka har vore slik for min del.....
Alt for månge timar har vore tilbragt på jobb, og kveldane har blitt brukt til nedvask, måling av tak og litt sosiale aktivitetar.
I dag har eg gjort INGENTING! Og det har vore ufatteleg deileg! :)
Tenkte eg skulle vise før og etter bilde av skjenken min:













Treverket på skjenken var slitt, og det trengte seg eit strøk måling. Den vart då svart for å matche veggen den står inntil. Hadde eg fått pussa opp stova på nytt hadde eg valgt ein anna tapet på denne veggen! Irriterande lite fargar som passer til tapeten! Men enn så lenge får den vere som den er...Eg er iallefall godt fornøgd med skjenken!


Eg ELSKAR utskjeringane som er på dørene på skjenken! FIIIIIIN!

No skal eg tenne lys, slenge beina på sofaen, pakke meg under eit pledd og sjå film. Ein fin søndag!


Tjukkeraggane har aller beste mormor strikka. Er ikkje dei fine vel??

Koseleg med tente lys og julestemning :)

3 kommentarer:

  1. Veit kan ej skal leige inn ja;)

    SvarSlett
  2. Ej e klar før dugnad anne mette! Bære å gi bekjed:)

    SvarSlett