mandag 20. desember 2010

Litt meir julestæsj!

Sviblene som står i gangen er i ferd med å slå ut i full blomst!
Dei er så koselege! Dei gir meg skikkeleg julestemning:)
Den gule svibelen står i ei raud juleskål frå Jysk,
medan den lyseblå svibelen har fått plass ein vase frå Indiska.
Eg er forresten VELDIG glad for at Indiska endeleg har komt til Ålesund! Dei har så mykje artig!


Svibelen som står på kjøkkenbenken lar vente på seg.....

Sjå tøffe julekulene! Eg liker veldig godt den tradisjonelle julepynten, men det er artig med litt utradisjonelt òg. Desse etniske julekulene kjøpte eg på Indiska. Fargerike og lekre!


Og så til slutt: det er dyyyyyrt å handle julegåver!!
Reknar med det er fleire som har dette problemet:

På laurdag var eg å kjøpte 3 julegåver til kjente og kjære...

Og 7 til meg sjølv.....:P
Men berre ei (og ei halv) julegåve som må handlast inn igjen no!
GLER MEG TIL JUL! :)

2 kommentarer:

  1. Ha ha! E kje rart d bli dyrt då, men d va væl brukte penga ;)

    SvarSlett
  2. Ikkje det spøtt! Men det e viktig å glede både sej sjøl og andre;)

    SvarSlett