tirsdag 25. januar 2011

Gjenbruk av gamle rammer!

Eg har hatt to rammer liggande i boda ei stund.
Dei var kjøpt på Kremmerhuset for maaange år sidan, og hadde blitt litt "utdatert".
Den største av dei to rammene har no eit svart/kvitt bilete klipt ut av ein H&M-katalog.

I den minste ramma har eg eit bilete av ein gammal sykkel, teke på gata i Pisa.
Dette bilete har eit litt romantisk/nostalgisk preg over seg, og eg liker det kjempe godt!

Slik såg rammene ut før. Dei er djupe og hadde etniske figuerer som motiv. Dei var mørke og triste, og trengte nytt liv.

Skjenken har fått ein ny "look" etter at julepynten vart rydda vekk for eit par veker sidan.
Vårmotiver i rammene, litt spreke farger, og hekladuken laga av mi kjære mormor har kome fram.
No er eg klar for litt vår i lufta! :)

mandag 10. januar 2011

Prosjekt lampe!

Eg er veldig glad i å grave tak i gammalt skrot, for så å prøve å gi skrotet ein ny "look".
For eit par månader sidan fann eg ein gammal lampe gøymt vekk i kjellaren heime hos foreldra mine.
Eg hadde den ståande i vinterhagen ei stund.
Det tar av og til litt tid før eg bestemmer meg for kva eg skal gjere med ting og tang.
Men det blir til slutt!

Slik såg lampen ut før.

Lampen vart måla grøn.

Og fekk ein ny lampeskjerm frå Bohus. Tada! Då var lampen er ferdig!

Grønfargen på lampen passer perfekt i lag med den grøne tapeten på skuffene, så der blir den nok ståande ei stund! Ah, det er så kjekt med gjenbruk! :)




søndag 9. januar 2011

Kakefat blir smykke"skrin"!

Eit kakefat kan brukast til så mangt!
Eg falt pladask for dette kakefatet då eg var innom Indiska i går.
Etasjefatet er hjerteforma og er SUPERSØTT!
Funkar PERFEKT som smykke"skrin", tenkte eg når eg såg herlegheita!

Så no står det i all si pryd på kommoden på soverommet.
Og no slepp eg å stå irritert å grave i smykkeskrinet for å finne øyredobb nr 2 kvar morgon...;)
Lampeskjermen er også ny. Er ikkje den søt? Kjøpt på Åhlens.
Vart rett så flott syns eg!



onsdag 5. januar 2011

Minner i rammer!

Då har rammene endeleg fått bilder i seg! To veker etter at hylla vart hengt opp...det har vore juleferie....ei fin unnskyldning for treigheit! ;)
Bilder frå sommerens fottur i Tafjordfjella, ein søndagstur til Alnes Fyr, sommerferien til Italia;
nokre av dei gode minna frå 2010.
Gjor seg!





tirsdag 4. januar 2011

Då er eg klar for 2011!


Kvaaaa skjeeeer?? 4. januar 2011 allereie???
Då er det vel på tide å ønske alle eit riktig godt nytt år!
Dagane flyg når ein har det moro! (Eller når ein er sjuk...)
Håper alle har hatt ei like fin jul som meg.
Eg har kosa meg med mykje god mat og drikke, mange fine presangar, gode stunder i lag med familien, flotte fjellturar i nydeleg vintervêr, og litt fest og moro :)
Så bestemte eg meg for å gå inn i det nye året med ei real forkjølelse...
No har eg begynt å friskne til att og er klar for å begynne kvardagen igjen i morga.
Det skal blir godt! Det er veldig kjekt med ferie, men det er jaggu godt med kvardag også!

Dette søte hjertet fekk av lillebroren min til julegåve.

Og eg har tydelegvis vore snill i år, for eg fekk så mykje fint! Eg fekk blandt anna ny tursekk. Det stod øverst på mi ønskeliste, og heldigvis for meg er uttynt og fekk ein frå foreldra mine ;) Eg fekk også nye rødvinglas med tilhøyrande karaffel, diverse utstyr til kjøkkenet, sengekle, hudlotioner osv. osv.







Eg hadde som sagt månge flotte fjellturar i nydeleg vintervêr denne jula. Det har vore eit fantastisk ski- og snowboardføre på Goaldet. Eg krysser fingrer og tær på at vi vil få meir av dette vêret før våren kjem! :) Her er nokre glimt av kor flott det er på sunnmøre når vi har skikkeleg vinter:



No er det berre å sjå fram til alle gleder 2011 bringer! Godt nytt år! :)

fredag 24. desember 2010

Goooood juuuul!!!

Julaftan er endeleg her!
Eg ELSKAR julaftan!
Jula skal tilbringast heime på Lepsøya.
Det blir mykje kos og moro i lag med familien i dagane framover! :)

Etter den heilage julefrokosten (naammmm), tok eg og pappa oss ein skitur til Storhaugen i nydeleg vintervêr. Det er så kjekt med kvit jul!
Det er jaggu ikkje ofte vi er så heldige på denne kanten av landet....
Ein nydeleg tur og ein fin start på julaftan!:)

God jul alle saman! :)

tirsdag 21. desember 2010

Ny hylle! Og litt til....

Eg har hatt denne hylla liggande ei stund,
med ein plan om å henge den under spegelen som henger over sofaen.
MEN den har vore feil farge...
No har eg endeleg makka meg til å måle den svart!
OG hengt den opp!
No gjenstår det berre å finne bilder til å ha i rammene.....

Ein sommerfugel frå Indiska (eg har vore ivrig på Indiska i det siste...) henger på ei av rammene. Den er i same mønster som julekulene eg kjøpte der for eit par veker sidan.

Denne søte elefanten er ei "julekule" frå Indiska....litt for alternativt for eit juletre etter min smak, men på badedøra passa den fint!
Eg har visst dilla på elefantar for tida...

Sjå den tøffe elefanten! Kr 99 på Indiska. Fiiiiin! :)

Eg har vore å handla julegåver i dag òg! Hihihihi!
Desse Mizuno løpeskoa var på halv pris, og då kunne eg berre ikkje la dei stå igjen i butikken!
Mitt gamle par er utslitt altså.... ;)