mandag 29. november 2010

"Ny" gang!

Då var gangen ENDELEG ferdig!
Det har gått smått, med mykje anna på dagsplanen siste veka.
Ikkje greit det for ei utolmodig sjel!

Før:



















Etter:


Hattehylla har blitt bytta ut med fire knaggar (Europris), mens eg har hengt opp fire hyller frå Skeidar i hjørnet. Skoa har eg fått sortert ut, og då vart det med eitt litt ryddigare ;) Spegelen har blitt måla i ein lys lilla farge. Kommoden har blitt bytta ut med skohylle. Listene og taket har fått seg eit strøk kvitmåling.

Baderomsdøra har fått seg eit søtt lite hjerte, kjøpt på Indiska.




















Over til høgre: dei tre krukkene er bruktfunn frå Gjenbruk. Dei to mønstra har eg behaldt som eg fann dei, mens den lilla vasen har eg spraya med lilla lack.

Over til venstre: På veggen henger tre gamle rammer, også frå Gjenbruk. Motivet er ein bildeserie av meg og min kjære lillebror framfor det skeive tårnet i Pisa.


Nissen på benken sørger for at det blir litt julekos i gangen også :)

søndag 28. november 2010

Adventskos!

Adventstida er så kooos! Eg elskar alt det tradisjonelle som følger med advent, og ikkje minst jula. Det blir så koseleg i leiligheta når eg får fram dei lilla og raude lysestakane, og får pynta med små nisser og engler. Her er nokre bilder:
















Over: Skjenken har eg pynta med både raude og lilla lys. Det raude skal vel ikkje fram før jula er her, men eg er så lite heime i jula at eg tjuvstartar litt ;)
Til venstre: Glassfat frå Kremmerhuset pynta med to raude lysestakar frå Bohus og ei plante. Dei to englane til høgre har eg kjøpt på Jysk



Ei lilla skål med mandariner høyrer med i adventstida!


Denne søte engelen fann eg på loftet heime på øya.

Lilla telyshaldarar frå Indiska ->



Til slutt: i anledning pynting-til-advent har eg flytta litt om på møblane på stova, og dermed fann eg plass til benken som måtte i boda for nokre dagar sidan. Jippi! :)

fredag 26. november 2010

Gjenbruk Ørsta

Denne veka har eg vore i Volda på skule. Då benytta eg sjølvsagt anledninga til å ta turen til Gjenbruk Ørsta. Fann ikkje så veldig mykje der, men litt vart det!

Tre vaser og to små hus til settekassa fekk bli med heim til Ålesund. Den kvite med rosa på var litt "bestemoraktig", men så søt at eg berre måtte ha den! Den rosa skal få ny farge etterkvart.

Eg fann også to stk hekla gardinhøgder. Usikker på kva eg skal bruke dei til enda...Og så ei ny veske da! YEAH! Eg er veeeeldig glad i vesker! :)

onsdag 24. november 2010

Må i boda!

Som nevnt held eg på å fornye gangen. (NESTEN ferdig!!!)
Det betyr at denne herligheten må i boda......
Eg er veldig glad i den, men den passer rett og slett ikkje inn i den "nye" gangen....
Den var opprinnelig i teak. For å holde den "svarte tråden" eg har i resten av leiligheta målte eg den svart. Skuffene har eg tapetesert med ei prøve eg fekk med meg heim då eg pussa opp stova. Tapeten var driiiiitlekker, men også driiiiiiitdyr. Så det vart med skuffene!


mandag 22. november 2010

Liten plass?

Eg er veldig glad i leiligheta mi, men badet er pittelitt for lite....
Irritasjonen over at alle desse hersens handukane tok opp all skapplassen var så stor at noko måtte gjerast. Då eg var på Åhlens ein dag gjekk eg meg på denne kvite korga. Denne kan eg bruke tenkte eg! Og dermed fekk eg handukane ut av skapet, og alt jentestæsjet fekk goood plass! :)

No er eg i full gong med å fornye gangen. Eg har ein plan om å få den litt meir koseleg enn den var. I all iveren var eg så dum at eg begynte å måle listene, så no må eg måle taket også.....litt meir arbeid enn eg hadde planlagt! Menmen, blir vel fint til slutt! :)


søndag 21. november 2010

Helg er Herleg!

Det er så herleg med helg når vêret er så strålande!
Eg har vore på Lepsøya for litt rekreasjon;)
Dagane har gått med på fjellturar og familiekos. Det er så kjekt med slike helger!
Litt stemningsbilder frå helga:

Og rett som det var fann eg noko å ta med meg tilbake til byen denne gongen også:

lørdag 20. november 2010

Dagens makeover!

Når eg har eit prosjekt i tankane, MÅ eg berre sette i gong med det same. Stolen kom i hus i går, og eg hadde egentleg tenkt å vente til neste veke før eg trekte den om. Men slik vart det ikkje! Etter ein time i sofaen brann det i fingrane og eg køyrde på Moa for å kjøpe stoff. Føtene og armlena måla eg inn i mellom pausene på X-factor, og så var det fram med stiftemaskina under Senkveld. Det vart LITT seint før eg vart ferdig....men pytt!





<- FØR ETTER->

















Eg valgte eit grått stoff med svart mønster. Eine veggen på stova mi har svart tapet med grå mønster, og stoffet passa perfekt i lag med den.

Armlena var opprinneleg dekt med brunt skinn. Det var litt tøft, så eg valgte å behalde dette. Det slitne treverket vart måla svart. Einaste som gjenstår er å lime på eit band over skøytane. Men det MÅ faktisk vente til neste veke!














Eg fann også ein plass til glaskula eg kjøpte på Gjenbruk i går. 10 kr fattigare, ein skatt rikare! Den gamle lyskuppelen står i si prakt på skjenken min. Eg hadde egentleg tenkt å bruke den som telyshaldar, men den fekk slikt eit nydeleg skin frå lyset frå lampen at den får stå som den er! Bildet viser ikkje kor fin den verkeleg er, da men...


fredag 19. november 2010

Eg fann! Eg fann!

I dag tok eg meg ein tur på Gjenbruk etter jobb. Eg kom ikkje tomhendt heim denne gongen heller!


Litt tjafs eg fekk plass til i veska ;) Gler meg til å finne på noko lurt med alle desse tinga! Har ikkje bestemt meg for kva eg skal gjere med dei enno, men det blir!

Og så, denne stolen. LEKKER! 80 kr kosta den! KUPP! Den skal sjølvsagt målast og trekkast om. No er det berre å leite etter passande stoff. GLER MEG!

torsdag 18. november 2010

Prosjekt vinterstove

Slik vart vinterstova sjåandes ut etter ein liten innsats!
Tidlegare stod der ei spisestue, som no er flytta til andre enden av vinterstova.
Bokhylla og kommoden var mine aller første møbelkjøp. Eg kjøpte dei vel for konfirmasjonspengane mine om eg ikkje hugsar feil! Dei var opprinnelig trekvite. Eg valgte å måle dei svarte for å få litt kontrast mot den lyse veggen.

Til venstre: Dei gamle treknottane på kommoden vart bytta ut med glasknottar. Friska opp den svarte kommoden veldig!


Til høgre: Denne søte sukkerkrukka bruker eg som pynt på kommoden. Den kjøpte eg på Gjenbruk for et par veker sidan. Kjempe søt!



I bokhylla har eg fire stråkorger frå Jysk. I dei får eg lagra stoffrester, pledd og litt anna pjask. Att med planta ligger ein bunke "Alt om handarbeide"-blad. Dei fekk eg av mormor, og dei gamlaste blada er datert heilt tilbake til 80-talet. Mykje artige oppskrifter i dei skal eg fortelje!


Bordet kjøpte eg på Fretex for vel eit år sidan. Eg måla det også svart for å matche bokhylla og kommoden. På bordet bruker eg ein tallerken og eit tefat som "lysestakar". Eg fann det eine fatet på Gjenbruk og det andre på Fretex, og dei er av same sort! Flaks kallar eg det! ;)


På bordplata under bordet har eg lagt nokre gamle bøker, og pynta opp med ei søt lita skål frå Gjenbruk og eit grønt trefat frå Indiska.


onsdag 17. november 2010

WinterWonderland!

Gler meg til vinter og snø eg no!


Tenk om vi får slike skiforhold på Goaldet denne vinteren òg!



Eller ei like flott utsikt frå Vardane på Sulafjellet!



Då skal iallefall eg ut på tur!! :)))

tirsdag 16. november 2010

Skrot? Finst ikkje!

Eg liker veldig godt å pusse opp gamle møbler. Ein finn mykje artig skrot på bruktbutikken.
Med litt måling og fantasi, kan skrot fort bli til flotte ting.



Eg har ikkje noko skikkeleg"før-bilde", berre eit "midt i-bilde".
Krakken var full i målingsflekker,
og hadde opprinneleg ein trist brunfarge.
Eg brukte ein svartfarge med litt glans i for at den skulle
"skinne som ein gammal skatt skal skinne"!



Den brune krakken har no blitt svart og lekker!
På lokket har eg brukt ein løpar som eg kjøpte på salg på Herlighet til 30 kr. Krakken blir i dag brukt som eit søtt lite hjørnebord :)