lørdag 13. november 2010

Gammalt, men tøft!

Gode, gamle skatter gjer meg glad!
Når eg kjem heim frå bruktbutikken med noko nytt i veska, ja då er smilet på plass resten av dagen.
Her er nokre av mine favoritter:

Denne nostalgiske vekta har eg blitt veldig glad i. Eg bruker den som krydderhylle.

Denne brødboksa er så stygg at den blir RÅTØFF! Det er ihvertfall mi meining :)

Til venstre: Inne i denne gamle ramma har eg brukt eit svart ark som bakgrunn, og eit bilde som pappa har tatt for leeeenge sidan. Bildet er av to motorsyklar og ein bil som står parkert på St. Olavsplass. Det var rett og slett kjempe tøft!

Til høgre: Dette er også eit av mine favorittbilder. Ramma er frå Gjenbruk, og bildet har eg faktisk tatt frå ein H&M-katalog.






Desse serveringsfata har eg vore så heldig å få av mi kjære mormor. Mormor og morfar fekk dei i bryllupsgåve då dei gifta seg. Dei er kjempelekre!

Og så til slutt; denne fantastiske veska! Eg blir sååå glaaaad når eg går meg på slike funn! Stor, fin og god som ny!:)))

2 kommentarer:

  1. Velkommen til bloggverda Ingrid! :D Ej he leita leeenge ette ej slik vekt! Den va rålekker! Og brødboksa di e den kulaste ej ever he sett!!! :D Ej me bruka å ha andre bilde inni rammene mine, ej he nåkke bilde av nokkre modella so faktisk e kjæresta frå Elle. Sønst d e like artig når nåken spør om ej kjenne dei.. hehe.
    Gleda mej t å følge me på bloggen din Ingrid!

    klem

    SvarSlett
  2. Vekta fann ej på fretex førr et par år sia, tru ej betalte 50 kr elns, kupp! Brødboksa: so gøtt som gratis frå Gjenbruk, par år sia det mæ tru ej:) Sønst det e arti med gamle ramme! Bruka som øftast egne bilde i da, men av å tej finn an fine ting i blad mæ;) Ser på bloggin din at du mæ e ei sånn "bruktbutikk-taus"! Arti det:)

    SvarSlett