lørdag 20. november 2010

Dagens makeover!

Når eg har eit prosjekt i tankane, MÅ eg berre sette i gong med det same. Stolen kom i hus i går, og eg hadde egentleg tenkt å vente til neste veke før eg trekte den om. Men slik vart det ikkje! Etter ein time i sofaen brann det i fingrane og eg køyrde på Moa for å kjøpe stoff. Føtene og armlena måla eg inn i mellom pausene på X-factor, og så var det fram med stiftemaskina under Senkveld. Det vart LITT seint før eg vart ferdig....men pytt!





<- FØR ETTER->

















Eg valgte eit grått stoff med svart mønster. Eine veggen på stova mi har svart tapet med grå mønster, og stoffet passa perfekt i lag med den.

Armlena var opprinneleg dekt med brunt skinn. Det var litt tøft, så eg valgte å behalde dette. Det slitne treverket vart måla svart. Einaste som gjenstår er å lime på eit band over skøytane. Men det MÅ faktisk vente til neste veke!














Eg fann også ein plass til glaskula eg kjøpte på Gjenbruk i går. 10 kr fattigare, ein skatt rikare! Den gamle lyskuppelen står i si prakt på skjenken min. Eg hadde egentleg tenkt å bruke den som telyshaldar, men den fekk slikt eit nydeleg skin frå lyset frå lampen at den får stå som den er! Bildet viser ikkje kor fin den verkeleg er, da men...


6 kommentarer:

  1. Wow!!! ka flenke du e Ingrid!! Stolen blei dødskul! =)

    SvarSlett
  2. Takk! Vart fornøgd sjøl mæ!:) En siste liten finpuss gjenstend, men det e berre småtteri;)

    SvarSlett
  3. Wow!! Ej e imponert nok en gong :) Skikkeli flott vart dinna stolen der =)
    Ekje mange åra sia mej heiv nokre slike stola... Ej såg ikkje same potensiale som du såg i dei ;)

    SvarSlett
  4. Må no ikkje kaste Vibeke! He he! Ej treng snart ei større leilighet, boda he bjønt å bli full av møbla so ej ikkje he plass til:P

    SvarSlett
  5. Stolen vart kjempetøff Ingrid! ej e kjempeimponert over alt du he og fer til! :) kjenne ej bli fole inspirert ta dej! ;) he du møbla til overs also? ;) du fer legge ut bilde ta dei so mej fer sjå.. ;) kanskje du bli kvitt nåkke.. :)

    SvarSlett
  6. Tusen takk Sybell! Ej he møbla til overs, men ej fær no hus en gong;) haha! Ej e like glad i dei so stend i boda skjøna du! Møblane fær bytte litt på å stå i boda;)

    SvarSlett