tirsdag 25. januar 2011

Gjenbruk av gamle rammer!

Eg har hatt to rammer liggande i boda ei stund.
Dei var kjøpt på Kremmerhuset for maaange år sidan, og hadde blitt litt "utdatert".
Den største av dei to rammene har no eit svart/kvitt bilete klipt ut av ein H&M-katalog.

I den minste ramma har eg eit bilete av ein gammal sykkel, teke på gata i Pisa.
Dette bilete har eit litt romantisk/nostalgisk preg over seg, og eg liker det kjempe godt!

Slik såg rammene ut før. Dei er djupe og hadde etniske figuerer som motiv. Dei var mørke og triste, og trengte nytt liv.

Skjenken har fått ein ny "look" etter at julepynten vart rydda vekk for eit par veker sidan.
Vårmotiver i rammene, litt spreke farger, og hekladuken laga av mi kjære mormor har kome fram.
No er eg klar for litt vår i lufta! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar