tirsdag 4. januar 2011

Då er eg klar for 2011!


Kvaaaa skjeeeer?? 4. januar 2011 allereie???
Då er det vel på tide å ønske alle eit riktig godt nytt år!
Dagane flyg når ein har det moro! (Eller når ein er sjuk...)
Håper alle har hatt ei like fin jul som meg.
Eg har kosa meg med mykje god mat og drikke, mange fine presangar, gode stunder i lag med familien, flotte fjellturar i nydeleg vintervêr, og litt fest og moro :)
Så bestemte eg meg for å gå inn i det nye året med ei real forkjølelse...
No har eg begynt å friskne til att og er klar for å begynne kvardagen igjen i morga.
Det skal blir godt! Det er veldig kjekt med ferie, men det er jaggu godt med kvardag også!

Dette søte hjertet fekk av lillebroren min til julegåve.

Og eg har tydelegvis vore snill i år, for eg fekk så mykje fint! Eg fekk blandt anna ny tursekk. Det stod øverst på mi ønskeliste, og heldigvis for meg er uttynt og fekk ein frå foreldra mine ;) Eg fekk også nye rødvinglas med tilhøyrande karaffel, diverse utstyr til kjøkkenet, sengekle, hudlotioner osv. osv.







Eg hadde som sagt månge flotte fjellturar i nydeleg vintervêr denne jula. Det har vore eit fantastisk ski- og snowboardføre på Goaldet. Eg krysser fingrer og tær på at vi vil få meir av dette vêret før våren kjem! :) Her er nokre glimt av kor flott det er på sunnmøre når vi har skikkeleg vinter:



No er det berre å sjå fram til alle gleder 2011 bringer! Godt nytt år! :)

4 kommentarer:

  1. Ååå, lækkert! Håpe på nytt hærla snowboardføre på Goaldet, so ej mæ fær prøve!!

    SvarSlett
  2. Det ha vør supert! Øss løt inkludere det ønsket i kveldsbønna vår;)

    SvarSlett
  3. Ska du starte ett nytt å bedre liv? hehe!!!

    SvarSlett