mandag 6. desember 2010

Puter!

Som dykk nok har oppdaga er eg veldig glad i den "gamle" stilen. Eg liker å mikse litt mellom gammalt og nytt, og blander gjerne møbler frå ulike tidsepoker.
Eg har lenge sikla på nokre puter på Hennes og Mauritz, og til slutt MÅTTE eg berre kjøpe dei...

Eg var litt usikker på fargane fordi eg visste dei ikkje ville passe i sofaen. Men putene var så lekre at eg fann ut at då må eg berre finne ein plass til dei! Det var vanskeleg å få med dei "riktige" fargane på bilde pga det glinsande stoffet i viskosefløyel, menmen..

Ei av dei lilla putene har fått plass i stolen eg trekte om for nokre veker sidan, meden dei to andre pynter opp golvet att med stolen. Stolen og putene passer veldig godt i lag! Nøgd!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar